Eit samrøystes nominasjonsmøte har sett Aam på topp på Ørsta Senterparti si liste til kommunestyrevalet. Det var også ei samrøystes nominasjonsnemnd som rådde nominasjonsmøtet til å velje Aam.

– Då var det avklart at Ola Perry Saure ikkje var ordførarkandidat. Som han sa sjølv: Han har feil adresse, seier leiar Jon Helge Bjørndal i nominasjonsnemnda til Ørsta Sp.

Han takkar Saure for arbeidet han har gjort som partiet sin toppkandidat gjennom tre kommunestyreperiodar.

Ringrev

Stein Aam er ein ringrev i Ørsta-politikken. Med denne perioden har han fire periodar bak seg i kommunestyret, og av dei tre samanhengjande i formannskapet. Han har vore vara til fylkestinget, og han har vore i fylkesstyret i Senterpartiet.

Aam arbeider no som vedlikehaldsansvarleg for dei kommunale helsebygningane, og han har vore vaktmeister hos Mork rehabiliteringssenter, han har arbeidd i industrien, og han har vore mykje engasjert i frivillig lagsliv. No er han styreleiar i Ørsta Skisenter AS, og han har vore leiar i fotballgruppa i Ørsta IL, der han også er æresmedlem.

– Då eg fekk spørsmålet i august om eg ville vere Senterpartiet sin ordførarkandidat måtte eg ha tid til å tenkje meg om. Eg snakka tidleg med Ola Perry Saure, og fekk klarsignal frå han. Eg meiner eg framleis har mykje å gje i Ørsta-politikken. Helsa er god, og eg har stor vilje til å ta eit tak for kommunen vår. Og då meiner eg heile kommunen, også Vartdal og Hjørundfjord, seier Aam.

Sentralisering

Han meiner at kommunestyret har gått i feil retning det siste åra.

– Vi er i ei sentraliseringsbølgje i Noreg, og denne har også råka Ørsta. Senterpartiet har ført ein kamp dei fire siste åra for å halde på viktige funksjonar på Sæbø og på Vartdal. Det gjeld ungdomsskuletilbod og sjukeheimsplassar. Dette har vorte lagt merke til, og noko vi har fått honnør for, seier Aam.

Aam hadde ein pause på åtte år frå kommunestyret i Ørsta før han kom tilbake i 2011. Det som møtte han, var han sjokkert over.

– Kommunen låg med broten rygg. Økonomien var det ikkje kontroll over. Det var tøft og fortvilande å sjå korleis økonomien hadde forvitra. Eg var sjølv med på å selje Ørsta energiverk som gav kommunen 148 millionar kroner i form av Tussa-aksjar, nedbetaling av lån og disponible middel. Mykje rann vekk, seier Aam.

– Men det sitjande kommunestyret har teke tak, og vi har alle vore med på å snu skuta, seier ordførarkandidaten.

– Men Sp ville ikkje ta det mange meiner er det viktigaste taket, å innføre eigedomsskatt?

– Det er rett. Vi hadde lova at vi ikkje skulle innføre eigedomsskatt. Andre parti braut det løftet. Vi hadde andre alternativ, mellom anna hadde eg eit forslag om at dei tilsette i kommunen for ein periode kunne gå ned i løn, seier Aam.

No er han klar til valkamp, og sentrumsutvikling, bygdepolitikk, realisering av fleirbrukshallen saman med den vidaregåande skulen og bevaring av ungdomsskulestrukturen er nokre av sakene han vil kjempe for. Han understrekar at programmet til Senterpartiet ikkje er ferdig enno.

Kommunesamanslåing

– Viss du vert valt – vert du den siste ordføraren i Ørsta?

– Det er ikkje sikkert. Kommunesamanslåingsdebatten vil gå, men enno veit vi ikkje kva staten meiner nye og større kommunar skal gjere på. Og det vil verte ei folkerøysting om spørsmålet. Seier fleirtalet nei, vil eg respektere det – på same måten som eg vil respektere eit ja-fleirtal. Det er folkerøysting som må avgjere dette spørsmålet, seier Aam.