– Det er etter mitt syn ei heilt feil slutning. At eit sjukehus på Hjelset skal vere ein større trussel for Volda enn eit sjukehus på Frei, er heilt uforståeleg for meg, seier Petter Bjørdal, ørsting og nestleiar i styret i Helse Møre og Romsdal.

Det har vore mange kritiske røyster etter at han røysta for Hjelset då styret i helseføretaket gav si innstilling i saka onsdag. Voteringa enda på fem røyster til Hjelset og fire til Frei.

Både i sosiale medium og i kommentarfelta til avisene har mange meint at vedtaket om Hjelset vil føre til ei nedbygging av Volda sjukehus. Tidlegare fylkestingsrepresentant og ordførar i Hareid, Einar Holm, er også kritisk til Bjørdal (sjå eiga sak under).

– Eg har fått svært mange meldingar og e-postar sjølv, og er skremt over alt folk får seg til å skrive. Mange av dei verste meldingane kjem frå sunnmøringar, seier Bjørdal.

Urimeleg

– Vi må ikkje gløyme utgangspunktet her. Oppdraget vårt gjekk på å gi ei innstilling til nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, på ein geografisk akse der Hjelset og Frei var ytterpunkt. Det å påstå at dette nye sjukehuset, som vil ligge nesten på grensa mellom Romsdal og Nordmøre, skal bli det einaste i fylket og føre til nedlegging av Ålesund og Volda, fell på si eiga urimelegheit. Eg vil minne om at også Rune Heggedal, som sit i styret for Helse Midt-Noreg, røysta for Hjelset. Det er vel få som har stått på barrikadane for Volda så mykje som han.

– Hjelset mest realistisk

– Var det utelukkande økonomien i dette som gjorde at du røysta som du gjorde?

– Då må vi hugse på at utgreiingane har konkludert med at både Hjelset og Frei er gode og forsvarlege løysingar reint helsefagleg. Begge vil gi eit godt tilbod til innbyggjarane i nordfylket. Hovudargumentet mitt er difor at vi må velje den løysinga som er mest realistisk å gjennomføre på ein berekraftig måte. Når vi skal bygge dette sjukehuset, må vi unngå doble funksjonar og minimere dei økonomiske konsekvensane. Helseføretaket er allereie i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og vi står framfor store kutt, seier Bjørdal.

– Kvifor er Hjelset best, sett i lys av dette?

– Her er det slik at Hjelset er det sjukehuset som ligg nærast Ålesund. Det gjer at vi kan få eit samarbeid mellom Ålesund og det nye sjukehuset. Eit sjukehus nær Ålesund, og med eit samarbeid om funksjonane, vil gjere det mogleg å bygge eit mindre og rimelegare sjukehus enn det som hadde vore tilfelle om Frei vart valt. Det er også gjort klart i sakspapira. Så er det ein del som dreg opp i nasen over dette argumentet. Men vi må tenke på økonomien i heile helseføretaket, og då landa eg på Hjelset.

Sidan Hjelset ifølgje Bjørdal er plassering som får minst økonomiske konsekvensar, ser han også denne løysinga som den som får minst konsekvensar for dei andre sjukehusa i helseføretaket.

Ørstingen meiner også han har ryggdekning for valet sitt på Søre Sunnmøre.

– Om vi ser på høyringsuttalane, så sa både Ørsta og Volda kommunestyre at det var likegyldig for dei kva som vart valt. Sunnmøre Regionråd meinte at Hjelset var det beste alternativet.

– Det blir ein kamp

Bjørdal er likevel klar på at det kjem til å bli ein kamp om funksjonsfordelinga mellom sjukehusa, og at også Volda og Ålesund blir del av denne.

– At den vidare prosessen vil føre til endringar for sjukehusa, er heilt sikkert. Men her spelar andre ting inn også. Den medisinske utviklinga og spesialiseringa av helsevesenet tilseier at det blir naudsynt å samle funksjonar. Og diskusjonen om funksjonsdeling mellom sjukehusa ville vi fått uavhengig av kva tomt som vart valt.

– Dette er ein tragedie

– Det er ein tragedie at ein ørsting er med på å legge grunnlaget for å rive beina under Volda sjukehus.

Det seier Einar Holm, tidlegare fylkestingsrepresentant og ordførar i Hareid i fleire periodar.

– Ved å røyste for Hjelset, legg Bjørdal opp til slåsting mellom Ålesund, Volda og Molde om funksjonsfordelinga, med den nærleiken det no blir mellom sjukehusa. Og alle erfaring tilseier at sentrum vinn ein slik kamp, og med denne løysinga blir Molde sentrum, meiner Holm.

Fryktar for Ålesund og Volda

Han fryktar for statusen til Ålesund som sentralsjukehus.

– Eg var med og kjempa den posisjonen sjukehuset på Åse har i dag. No trur eg dei store investeringane i Molde gjer at dei tek mål av seg til å bli sentralsjukehus. At sjukehusa i ein region med så stor vekst og utvikling som vår skal kome i fare, er ikkje til å fatte.

– Men det har jo kome fleire lovnader om at statusen til Ålesund ikkje er truga av dette?

– At dagens minister lovar dette, er ein ting. Men han sit kanskje i fire år. Dei som kjem etter han, kan ha ei heilt anna meining. Så det ministeren seier, er ingenting verdt.

– No som eg står utanfor systemet, forstår eg ingenting av at Bjørdal røysta for Hjelset. Eit sjukehus på Frei ville gitt eit betre tilbod for heile regionen.

– Den som får leve, får sjå kva som skjer. Eg synest synd på Petter Bjørdal som i framtida får namnet sitt festa til dei store konsekvensane dette får for sjukehusdekninga på (Søre) Sunnmøre, seier Holm.

Torsdag vedtok styret i Helse Midt-Noreg at dei også ønskjer sjukehus på Hjelset. Dermed er det opp til helseminister Bent Høie å ta den endeleg avgjerda. Dette skjer truleg fredag.

Kritisk: Tidlegare politikar Einar Holm. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll/Vikebladet vestposten