Kvart år renn det 13 millionar liter mjølk inn dørene på meieriet i Ørsta.

– Åtte millionar liter kumjølk og fem millionar liter geitemjølk, summerer meierisjef Bente Reklev etter eit djupdykk i papira sine.

Neste jul

Av mjølka lagar dei 53 tilsette ost. Dei er størst i landet på spesialostar, og er stort sett aleine om det dei lagar. Bestemorost, Edamer, Julebrunost og Søst er blant produkta mange leitar seg fram til i disken før jul. Men for meieriet

er juleførebuingane over for lengst.

– Vi er snart i gang med neste års jul, faktisk.

Ost er nemleg ikkje alltid heilt ferskvare. Han treng modning. Edamerproduksjonen til neste julefeiring startar alt i februar, når nye 5–600 tonn kvitost skal produserast til folket. Årets juleostar har altså vore klar – lenge.

– Men vi skal altså halde hjula i gang i jula i år også. Mjølk er ferskvare. Kua mjølkar 365 dagar i året. Geita er litt meir sesongbasert. Mest om sommaren, minst om vinteren, og i eit heilt anna kvantum.

Boikott

Meieriet i Ørsta går godt, og det er særleg geitosten dei er kjende for, men i august fekk dei seg ein skikkeleg støkk.

– Du kan trygt seie at vi merka at Russland forsvann over natta frå onsdag til torsdag, 6.–7. august.

Russisk boikott av norske varer, mellom anna Snøfrisk, kom altså brått på.

– Vi sende 30 prosent av snøfriskproduksjonen vår til Russland, så det er klart at vi merka det.

Snøfrisk er meieriet si største merkevare, og produksjonen ligg på rundt 500 tonn i året, omrekna til om lag fire millionar beger med mjuk geitost.

– Men etter at Russland datt vekk har Tyskland vakna litt. Etter Noreg er dei vår største marknad, før Sverige, Danmark, USA og Canada. Så vi klarer oss. Storpolitikk kan vi ikkje gjere noko med, men Snøfrisk er ein viktig grunnmur for oss, så det var ein støkk, seier Reklev.

Og Tine si satsing på breidde i tilbodet hjelper også på.

– Så lenge dei satsar på mangfaldet har vi noko å fare med. Då er spesialostane og vi liv laga.