Styret i Helse Midt-Noreg vedtok torsdag ettermiddag at dei ønskjer nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset ved Molde.

Innstillinga vart vedteken med åtte mot to røyster. Onsdag landa styret i Helse Møre og Romsdal på same konklusjon, med fem mot fire røyster.

Rune Heggedal, tilsetterepresentant i styret og anestesilege ved Volda sjukehus, røysta for Hjelset.  Dette var likevel på vilkår han var på vilkår av at helseføretaket kan gjere eit lovleg vedtak i tråd med helseføretakslova.

Heggedal meinte Hjelset er best av omsyn til rekruttering og fagmiljø, men at Storbakken ved Frei er best når det gjeld tilgjenge til sjukehuset. Han forklarte at han støtta seg til vedtaket i Helse Møre og Romsdal.

No går saka vidare til helseminister Bent Høie, som har varsla at han vil avgjere saka fredag.