Det seier administrerande direktør Trygve Aasland til Møre-Nytt. Den norske krona har svekka seg betydeleg den siste tida, og utsiktene for norsk økonomi er svakare enn på lenge. Men konsekvensane for ei av dei største verksemdene i Ørsta, møbelprodusenten Fora Form, er ikkje dramatiske.

– For bedrifter som eksporterer mykje til utlandet, kan dette få positivt utslag. For oss er det slik at vi både kjøper ein del komponentar i utlandet, og eksporterer ein del til utlandet. Totalt sett har vi ein rimeleg god balanse i dette, og det gjer at vi ikkje er av dei dette får størst utslag for. seier Aasland.

Meir eksport

– Kjem de til å satse endå meir på eksport om krona blir svak lenge?

– Vårt mål er uansett å auke eksporten vår, uavhengig av korleis det går med krona. Dersom den svake krona gjer det enklare for oss å eksportere, er det bra. Men ingen er tent med ein valuta som svingar så mykje som krona har gjort dei siste dagane. Svingingane har vore heilt ekstreme desse dagane.

Norske kroner er på sitt svakaste sidan 2008. Onsdag ettermiddag klokka 16.30 kosta ein Euro 9,25 kroner.

Mange av konkurrentane til Fora Form er i utlandet, og dei kan få det tøffare i den norske marknaden.

– Når krona blir svakare, kan det gjere importerte møblar dyrare, og marknaden kan bli vanskelegare for konkurrentane våre.

Går motstraums

Sjølv om den svake krona gjer det enklare for norske bedrifter å eksportere til utlandet, er møbelbransjen i landet pressa. Fora Form har gått imot straumen over fleire år, og ifølgje Aasland held denne trenden fram.

– Vi kapra marknadsandelar og sikra vekst i salet i 2013, og vil også gjere det i 2014, trass i at pilene peikar nedover for bransjen.

Dette skjer ikkje minst takka vere lansering av nye produkt, ifølgje direktøren.

– I 2013 lanserte vi sofaen Senso, som har vore ein formidabel suksess. Det er eit av dei mest populære produkta vi har hatt. Og i oktober i år kom stolen Pond. Der har vi kome veldig godt i gang, og allereie fått ein del bestillingar.