Ørsta kommune og Tussa har vidareført avtaler om utbygging av fiberstrekningar i Ørsta kommune. Tussa har ein tilsvarande avtale med Volda kommune, og eitt av punkta i avtalen er å kople rådhusa i dei to kommunane saman gjennom eit direkte samband.

Avtaler med Ørsta og Volda

– Vi har avtaler med begge kommunane. Først hadde vi eit prosjekt for å legge fiber mellom Volda og Ørsta via Åmdalen. Hensikta frå vår side var å få betre kapasitet mellom Volda og Ørsta, og å få ein ringstruktur. I dag har vi fiber langs vegen. Kommunane sine interesser var at dei ville ha fibersamband seg i mellom, seier Adm. direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT.

I det første prosjektet kom ikkje fiberen inn i rådhuset. I utbyggingsavtalen som no er signert får Ørsta kommune tilgang til to fiber i eksisterande kabel som Tussa har bygd og får dermed fiber.

– Intensjonen frå starten av var å kome inn i rådhuset med fiber. No tek vi siste biten. I starten var det ikkje frå rådhus til rådhus, men det vert det no.

Det har allereie vorte gjort veldig mykje for å kople dei to kommunale administrasjonane saman.

– Hovudjobben via Åmdalen over Krøvelseidet og tilbake er så godt som ferdigstilt. Inn til rådhuset så er anlegget bygt, og det er berre å kople opp. Der har det vorte gjort føringar slik at vi slepp å grave, og det er ikkje nokon stor jobb som står att, seier Driveklepp.

Seks kommunale bygg

I tillegg til samankoplinga med rådhuset i Volda får seks kommunale bygg i Ørsta sentrum fiber. To skular, ein barnehage, kulturhuset, eit opplæringssenter og omsorgssenteret får direkte samband til rådhuset.

– Dette vil gje kommunale institusjonar eit framtidsretta samband via eksisterande fibernett bygt i samband med felles fjernvarmeanlegg, heiter det i utbyggingsavtalen.

Ikkje midlar i 2015

Delar av utbygginga vert dekt av Høykom-midlar som har vorte tildelt prosjektet. For 2015 har det og vorte søkt om midlar, men Driveklepp seier at for første gang på fem år så får ikkje aktuelle prosjekt i området midlar. Årsaka skal vere strengare krav og avgrensa midlar i Høykom.