På vegner av fleire foreldre uttrykkjer Frode Digernes uro over skuleskysstilbodet frå Liadal til Ørsta.

– Den siste dryge månaden har skuleskyssen svikta tre gonger, noko som har ført til mange utrygge born som mest grur seg for å ta bussen. Mange foreldre er fortvila og sinte, seier Digernes i eit varslingsbrev til kommunen og fylkeskommunen.

Digernes fortel at den eine gongen køyrde bussen av garde ti til femten minutt før tida. Dei to andre gongene kom aldri bussen.

Foreldra har vore i kontakt med operatøren Nettbuss, og fått til svar at med mange sjåførar kan det skje mistydingar.

Dette svaret er ikkje foreldra nøgde med, og varslar difor både kommunen og fylkeskommunen om saka.

Illustrasjonsfoto.