Onsdag skal styret i Helse Møre og Romsdal etter planen kome med si innstilling for lokalisering av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

I innleiinga av møtet, informerte Harald Topphol, , tilsettrepresentant for Volda og legeforeningen, styret om moglege lovbrot i den tidlegare behandling av lokaliseringssaka.

Ifølgje Topphol har tidlegare administrerande direktør Astrid Eidsvik vorte pressa ut av stillinga si av styret i Helse Midt-Norge. Styret skal ha gitt beskjed om at dei ikkje kunne akseptere noko anna enn ei innstilling på nytt sjukehus på Opdøl ved Molde.

Eidsvik trekte seg frå stillinga som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal 4. desember.

Sluttpakke

Topphol fekk støtte frå Charles Austnes, tilsettrepresentant for Ålesund og sykepleierforbundet.

– Astrid Eidsvik fekk tilbod om sluttpakke dersom ho ville gå inn for Molde, stå i stillinga over nyttår, og fabrikere ei anna innstilling enn den ho hadde, sa Austnes.

– Etter mitt syn er dette utpressing og korrupsjon frå styret i Helse Midt-Norge, sa Topphol. Om opplysningane stemmer, meiner han det kan vere brot på helseforetakslova og fleire andre lover.

Styret i Helse Midt-Norge avviser skuldingane overfor Adressa.no.

– Vi kjenner oss ikkje igjen i påstandane som er sett fram. Kontakt mellom Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge er normalt, skriv kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås i Helse Midt-Norge RHF til Adressa.no

Det vart fremja forslag om å utsetje saka under møtet onsdag. Dette fekk tre røyster.  Styret skal difor vedta ei innstilling i løpet av møtet onsdag. Innstillinga går deretter vidare til styret i Helse Midt-Norge.