Denne veka kom tenesta Sunnmørskart i ein ny og betre versjon.

I den nye versjonen kan du søke etter kva du vil, utan å spesifisere noko anna enn søkeordet.

Sunnmørskart gjer alle kartdata som kommunane på Søre Sunnmøre sit på tilgjengeleg. Her finn du mellom anna tomtegrenser, reguleringsplanar, flyfoto og oversikt over kommunale tomter som er lagde ut for sal.

Kartet er også knytt opp mot Google Street View, slik at du kan få opp bilde frå vegen når du klikkar på han (fungerer berre om vegen er fotografert av Google).

Om du brukar Internet Explorer, må du laste ned programmet Microsoft Silverlight for å få dei nye karta til å fungere. For å finne karta på mobilen, kan du laste ned appen "Kommunekart".