Men det som er hovudføremålet med planen er å flytte krysset mot Industrivegen og lage eit kryss mot Rystefeltet. Krysset mellom E39 og Industrivegen skal flyttast om lag 40 meter nærare Ørsta. Dette gjer at stigninga inn mot krysset vert mindre, noko som vil vere ei stor betring spesielt for store køyrety. Flyttinga gjer også at det vert betre avstand mellom Rystefeltkrysset og Industrivegkrysset, noko som gir plass til venstresvingefelt begge vegar. I tillegg legg ein i planen til rette for å byggje tosidig gang-og sykkelveg frå det gamle gartnerhall-bygget til og med Rystefeltkrysset. Dette inneber riving av ei gammal løde ved E39. Stina Aasen Lødemel (SV) fremja framlegg som som vare på løda, men berre ho røysta for dette.

Det er vidare lagt opp til tosidig gang-/sykkelveg med rabatt mot vegen på den strekninga det er 70-grense. Frå skiljet til 50-sone i Bogen vert vegutforminga endra til eit meir gateprega profil med fortau. Planen legg opp til ei mindre flytting av busslommene i Bogen. Busslomma ved Osborgvegen er fjerna.