Det seier pelsdyroppdrettar Svein Arne Øye i Norangdal. Han driv pelsdyroppdrett saman med sonen Jetmund, og har vore spent på kva som ville kome frå det regjeringsoppnemnde utvalet som skulle sjå på pelsdyrnæringa si framtid.

Utvalet kom med si tilråding måndag, og eit fleirtal på fem medlemmer sa ja til ei berekraftig vidareføring av pelsdyrhald i Noreg.

Fleirtalet seier at pelsdyrhaldet skal halde fram under visse føresetnader. Fleirtalet seier at velferdsutfordringane for pelsdyra er overkomelege, og at velferda for pelsdyr vert imøtekome med å følgje regelverket.

Det vert rådd til forsking på alternative opphaldseiningar for pelsdyra og avl på tillitsfulle dyr m.a.

Eit mindretal på tre i utvalet ynskjer ei styrt avvikling av næringa. Mindretalet meiner det er knytt altfor stor uvisse til at velferdsutfordringane kan imøtekomast, og at nytteverdien av pelsdyr ikkje er stor nok til at han kan forsvare pelsdrifta med dei spørsmåla som vert stilt om dyrevelferd.

– Akkurat det med å avle fram til tillitsfulle dyra, er noko vi har halde på med lenge, seier Øye.

Han meiner det viktige med pelsdyrutvalet er at det er fagfolk utan bindingar til næringa som har vore med.

– Det var den førre regjeringa som sette ned utvalet, og det vart samansett av uhilda personar. Difor er det gledeleg at eit fleirtal seier ja til vidare drift, og det er gledeleg at vi har fått ei tilråding basert på fakta og ikkje kjensler, seier Øye.

Han poengterer dessutan at partia Høgre, KrF og Framstegspartiet ikkje har sagt nei til pelsdyrhald, men berre at næringa skal verte vurdert. Det vil no skje i samband med handsaminga av rapporten til pelsdyrutvalet.

Rapporten frå utvalet kjem veka etter at NRK sende Brennpunkt-dokumentaren om norsk pelsdyrhald, ein dokumentar som har vekt sterke reaksjonar.

– Eg skjønar dei reaksjonane. Likevel, fleire av bileta var gamle og har vorte vist tidlegare. Eg reagerer på at NRK let seg bruke av ein slik manipulert produksjon, seier Øye.

No håper han altså at det er skapt eit grunnlag for ein debatt som vil medføre eit positivt vedtak for pelsdyrnæringa.

– Slik at det er håp for at vi i utkantane kan ha dette som leveveg, og at vi slepp å flytte herifrå, seier Svein Arne Øye.