Frikøyrar Karsten Gefle som har slått seg ned i Ålesund og brukar mykje tid i Hjørundfjorden var i påska, saman med den svenske skikøyraren Wille Lindberg og snowboardaren Matt Annetts, med på innspelinga av «Addicted to Life» i Hjørundfjorden. For to veker sidan hadde filmen verdspremiere i Paris med 3.000 publikummarar i kinosalen.

– No er det stort sett premiere på filmen i forskjellige byar i m.a. Frankrike, Tyskland, Austerrike og Sveits kvar dag, seier Gefle som deltok i sin sjuande Nuit de la Glisse-produksjon.

Frikøyraren, som er tilknytt Sagafjord hotel, fekk invitert filmteamet til Sunnmøre, og Sunnmøre var valt som innspelingsstad framfor Alaska. Med tidspress vart det gjort innspeling i området rundt Slogen og Store Smørskredtind, og segmentet frå Noreg står ikkje tilbake for andre segment i filmen ifølgje Gefle.

– Det er eit segment som er på lik line med dei andre delane av filmen, men det vart eit veldig bra segment med tanke på tidspunkt på året, snøforhold og tida vi hadde til rådvelde. Området her gjorde også inntrykk på regissøren. Han ynskjer å kome tilbake til vinteren og lage eit enno større segment frå Sunnmøre. Det er veldig kjekt og hyggjeleg å høyre. Desse folka har vore verda rundt å filma, og sat verkeleg pris på Sunnmøre.

I tillegg til Hjørundfjorden har det vorte filma på Tahiti, Hawaii og i dei franske og sveitsiske alpane.

– Visuelt sett er Sunnmøre den mest spesielle plassen, og under verdspremieren merka du at publikum var forbausa. Kombinasjonen med fjell og fjord hadde dei kanskje ikkje sett før.

Ifølgje eigenreklamen til filmen vil den nå ut til eit publikum på 62 millionar gjennom ulike kanalar.

– Her er fleire spennande prosjekt på gang som vil gjere Sunnmørsalpane til eit meir kjent og spennande reisemål. Eg spår Sunnmørsalpane ei stor framtid som reisemål. Vi fekk god hjelp frå Sagafjord og kommunen til å få til dette, og for å få til meir av dette er vi avhengig at andre er med, bidreg og dreg lasset saman.