– Eg skjønar godt at eit felles sjukehus på Nordmøre og Romsdal kan verke trugande for Volda, sidan ein då blir åleine om å vere «minst». Men at nettopp denne geografiske plasseringa (Opdøl ved Molde, red. merk.) skal vere negativ for Volda Sjukehus, er lite forståeleg, skriv Brune i eit lesarinnlegg som står på trykk i dagens Møre-Nytt.

Brune kjem frå Volda, men arbeider i dag som spesialist i geriatrisk fysioterapi ved Molde sjukehus. Ho reagerer med undring på at tillitsvalde i Volda står saman med Ålesund og Kristiansund mot nytt sjukehus i Molde.

Volda neste i rekkja

Ifølgje Brune er det naturleg at Ålesundsmiljøet ønskjer Kristiansund. Brune trur det ville ført til at fleire i Molde-regionen ville brukt Ålesund, som igjen ville skapt behov for eit nybygg i sunnmørsbyen.

– Då er det vel ganske opplagt at Volda Sjukehus ville vere det neste i rekkja som blei ofra, skriv ho.

Brune påpeiker at ho meiner Volda er eit veldrive sjukehus, men at både Volda og Molde har mista stadig fleire funksjonar til Ålesund.

Ho avviser at det er slik at intensjonen til Molde er at det nye sjukehuset skal bli fylkesdekkjande på sikt, som nokre har spekulert i.

Kristiansund verre for Volda

Eit nytt sjukehus på Frei ved Kristiansund og ei utviding av Ålesund ville vore verre for Volda, ifølgje Brune.

– Hadde det blitt eit stort «universitetssjukehus» i Ålesund og ein liten «filial» på Frei, ville det kunne føre til kroken på døra for Volda Sjukehus.

Ho meiner det er småleg av ålesundspolitikar å «frykte for» at tilbodet på Sunnmøre blir dårlegare med eit nytt sjukehus på Opdøl:

«Pasientar på Nordmøre og i Romsdal er like mykje verde som sunnmøringar. Det er difor på høg tid at me får bygd det nye sjukehuset i nordfylket der det skulle vore bygd for lenge sidan. Og at faglege argument får vege tyngre enn trugslar om nytt Midt-Austen og borgarkrig»

Les heile innlegget hennar i dagens papirutgåve av Møre-Nytt.