Det er Hjørundfjord bryggje som har sett i gag ein reguleringsprosess for å få regulert bustader ved sjøkanten i Sæbø sentrum.

Fylkeskommunen stiller seg i utgangspunktet positive til dette, men er opptekne av at kulturminneverdiar knytt til Sæbø-garden. kyrkjegarden, Nilsbuda og kommunehuset vert sikra gjennom ei eiga omsynssone i planen.

Det vil seie at fylkeskommunen ber om at planområdet vert utvida.

– Vi har ingenting i mot at det vert bygt bustader på det noverande industriarealet. Etter vår vurdering synest likevel den planlagde busetnaden å ha noko stram struktur ned fem bygningar på stramt geledd. Vi rår til at det vert mjuke noko opp, og at det vert sett til at bygningsmassen ikkje skjer av kontakten med fjorden, seier fylkesplansjef Ole Helge Haugen.

Han rår sterkt til at Sæbøgarden, den opne plassen midt i Sæbø sentrum vert styrkt som historisk identitetsskapande samlingsplass.

– Ut frå dette er det viktig at planområdet vert utvida til å omfatte Nilsbuda, kommunehuset og Sæbø prestegard med våningshus og løe som viktige historieforteljande element., Vi vil rå til at Sæbøgarden med ikringliggjande nemnde bygningar og andre historieforteljande element vert regulert med omsynssone C – kulturminnemiljø med historisk verdi, kommenterer Haugen.

Vidare meiner han det er viktig at våningshuset på prestegarden vert ført tilbake til opphavleg utforming.

– Og at eigedommen får ny berekraftig bruk. Vidare at det vert gjort miljøtiltak for å gjere den opne plassen meir attraktiv som møteplass for menneske, seier Haugen.

Fylkesmannen

I ein annan merknad til førehandsvarslinga av planen, har Fylkesmannen i Møre og Romsdal kommentert at det må takast omsyn både til flaumfare og storfloder. Det vert peika på NVE sine rapportar om flaumfare frå Bondalselva, og NGI sine rapportar om flodbølgjefare frå eit skred frå kneset i Storfjorden.