Eit regjeringsnedsett utval seier ja til ei berekraftig vidareføring av pelsdyrhald i Noreg.

Utvalet presenterte sin rapport måndag. Eit fleirtal på fem seier at pelsdyrhaldet skal halde fram under visse føresetnader. Fleirtalet seier at velferdsutfordringane for pelsdyra er overkomelege, og at velferda for pelsdyr vert imøtekome med å følgje regelverket.

Det vert rådd til forsking på alternative opphaldseiningar for pelsdyra og avl på tillitsfulle dyr m.a.

Eit mindretal på tre i utvalet ynskjer ei styrt avvikling av næringa. Mindretalet meiner det er knytt altfor stor uvisse til at velferdsutfordringane kan imøtekomast, og at nytteverdien av pelsdyr ikkje er stor nok til at han kan forsvare pelsdrifta med dei spørsmåla som vert stilt om dyrevelferd.

Rapporten vart måndag overrekt til landbruksministeren, og det vil etter kvart kome ei stortingsmelding frå regjeringa om saka.