Det er kome nye skilt i Vikegata (gågatedelen), og desse er no i tråd med skilplanen som vart vedteken for nokre år sidan. Lensmann Guttorm Hagen at innkøyrings- og parkeringsforbodet blir handheva i tida framover.

– Det er ein del som har for vane å køyre inn i gågata og parkere. Det er ikkje lovleg. Vi ser også at Vikegata blir misbrukt til parkering når det er ledig andre stader i nærleiken, seier Hagen.

Han presiserer at varelevering er lovleg, men at det han snakkar om her er folk som parkerer i gata medan dei gjer ærend i sentrum. Om ein bryt regelverket, kan det vente langt meir enn ei vanleg parkeringsbot.

– Om ein parkerer i gågata, bryt ein også skiltet om «forbod for motorvogn». Då kan politiet skrive ut eit førelegg på 4.200 kroner.

Lensmannen har også gitt råd om at tidsrommet for varelevering i gata blir utvida.

PS: I ein tidlegare versjon av denne saka heitte det at skiltplanen i Vikegata no er komen på plass. Dette er ikkje heilt korrekt. Skiltplanen har vore der i fleire år. Det nye er at det nyleg vart sett opp skilt i tråd med planen.