Laurdag kveld klokka 18.18 sette politiet i gang leiteaksjon etter ein jeger i fjella ved Høydalen i Austefjorden, opplyser operasjonsleiar Magne Tjønnøy i Sunnmøre politidistrikt.

Jegeren gjekk til fjells tidlegare på dagen og skulle ifølgje kameratar melde seg klokka 17.

Då han ikkje gav lyd frå seg, vart politiet varsla. Det vart rekvirert ambulansehelikopter, og Røde Kors hjelpekorps og Norske redningshunder vart kalla inn. Frivillige melde seg også.

Etter ei tid fekk leitemannskapane kontakt med mannen via sms. Han hadde søkt ly i ei jakthytte og var i god form.

Aksjonen vart avslutta laurdag klokka 20.15.