Menyen er rikhaldig. Over tjue sortar har elevane produsert til jul. Det er snakk om alt frå små drops til karamellar, sjokoladeterte, eplepai, sitron- og vaniljeplettar, seigemenn, kransekakestenger, mandlar og flatbrød.

Torsdag og fredag har dei selt godsakene i Vikegata, og planen er å stå til seint fredag ettermiddag.

- Det er andre året vi gjer dette. Det er kjekt å vere med på. Det er noko anna enn skule, og så er det fint å vere med på å skape litt julestemning. Folk seier også at dei synest det er veldig koseleg. I tillegg smakar alt godt, lovar Steffen Finnestrand, saman med Arne Mork Folkestad, Ian Patrick Inguito og Ida Amalie Boska.

Salet gjekk litt trått torsdag, men fredag losna det litt.

- Men her er framleis mykje godt å få kjøpt, fortel dei.