Verksemda fekk utdelt prisen under opninga av kommunestyret i Ørsta torsdag.

Bygg 1 Produkt AS held til på Rystelandet, og driv med sal av dører. I år vil verksemda passere ei omsetning på 90 millionar kroner.

– Bygg1 opererer i ein tøff og omskifteleg marknad. Avstandane har auka og kommunikasjonane har vorte meir effektive. Verksemda har ikkje sett på dette som eit trugsmål, men som ei mulegheit, sa ordførar Rune Hovde då han delte ut prisen.

Han la vekt på at verksemda er gode på leveringstid og sørvis, og har opparbeidd seg ein stor marknadsdel sidan starten i 2001.

Det var dagleg leiar Jan Runar Holsvik som tok i mot prisen på vegner av verksemda. Han gav hovudæra for framgangen til dei tilsette. Det er tretten tilsette på Rystelandet. I tillegg eig verksemda ein fabrikk i Latvia, og har elles avtalar med leverandørar i Baltikum, Finland, Sverige og Noreg.

Motiverande

– Det er veldig motiverande for oss å få tildelt næringsprisen. Vi høyrer heime i Ørsta, der vi har tilgang på god og stabil arbeidskraft. Vi nyttar nynorsk i marknadsføringa, og er stolte av kvar vi kjem frå, sa Holsvik.

I år vil verksemda passere eit sal på 70.000 dører.

Næringsprisen til Ørsta kommune er på 10.000 kroner og pengane vil gå til sosiale tiltak for dei tilsette.