Ola Rønneberg (58) frå Eidsdal tenkjer enno på kva som hende med han då han gjekk på Ørsta vidaregåande skule i 1973, og var i ferd med å fryse i hel i fylla.

– Eg vart berga av to jenter. Hadde ikkje dei funne meg, hadde eg frose i hel, seier han.

Elektroutdanning

Han var ferdig med realskulen, og hadde bestemt seg for å ta elektroutdanning. Då var yrkesskulen i Ørsta staden, og skulen samla elevar frå heile Sunnmøre og frå Nordfjord.

– Eg var ein gut som hadde vakse opp i ein kristen heim, men eg kom inn i eit miljø der alkohol var ganske vanleg. Eg ville berre ha meir og meir alkohol. Det skjedde ting eg aldri ville ha gjort viss eg hadde vore edru. Eg køyrde bil i påverka tilstand før eg var gammal nok til å ta førarkort, og då fekk eg utsetjing med å ta førarkort i to år. Ein skulle tru at eg då lærte, men det gjorde eg ikkje, fortel Ola.

Drikking på hybelen

I Ørsta vart det mykje festing, og ein dag i desember i 1973 bestemte Ola og ein kamerat seg for at dei skulle på dans i Volda. Dei hadde hyblar på Ose, og skulle ta bussen frå Mørebil.

– Før vi reiste vart det ein del drikking på hybelen, og det siste eg hugsar var at eg gjekk mot sentrum og busshaldeplassen. Eg vakna dagen etterpå av at det ringde nokon på døra. Det var to jenter, eg vil tippe dei var femten-seksten år, og dei spurde korleis det gjekk med meg, fortel Ola.

Sov i grøfta

Då fekk han fortalt at dei to jentene hadde funne han liggje sovande og tynnkledd i ei grøft nær busshaldeplassen.

– Dei hadde gått ein tur forbi Esso-området, og hadde oppdaga meg liggjande i grøfta. Dei hadde fått liv i meg, men eg greidde ikkje å gjere greie for meg på nokon måte. Dei fekk stoppa ein forbipasserande som tilfeldigvis visste kven eg var og kvar eg budde. Då hadde dei fått meg heim, og i seng, fortel Ola.

Han er overtydd om at kunne ha frose i hel hadde ikkje jentene funne han. Og no ynskjer han i vite kven dei er.

– Vi veit jo kor lenge ein kan liggje tynnkledd ute i snøen før kroppen sluttar å fungere. Det kunne også ha kome ein brøytebil som kunne ha dekt meg med snø, og gjort at ingen ville finne meg. Difor vil så gjerne kome i kontakt med desse to jentene. Eg vil takke dei på skikkeleg vis, seier Ola.

Han veit kven den forbipasserande guten er. Han kom frå Nordre Vartdal.

– Eg ser på dei to jentene som englar som kom for å berge meg, seier Ola.

Åtvarar mot alkohol

Han har altså sine erfaringar med alkohol, og åtvarar mot følgjene av festing og alkoholbruk.

– Eg greidde å kome meg ut av det fordi eg fekk møte evangeliet og bodskapen. Etter at eg kom meg ut, har eg vore med på å hjelpe andre med å slutte, seier Ola.

Han tenkjer ofte på foreldra sine, og den uvissa og sorga han påførte dei.

– Men eg veit i ettertid at dei bad for meg, og eg ser på det som hende i Ørsta som eit bønesvar, seier Ola.

Han veit ikkje så mykje om dei to jentene.

– Anna enn at dei var med i Røde Kors i Ørsta. Det fortalde dei meg, fortel han.