Arne Moltubak er fungerande sokneprest i dag.

Av kvalifikasjonar søkjer bispedømet etter ein aktiv og allsidig kyrkjelydsprest som kan tenke kreativt om gudstenesteliv og trusopplæring.

Sjå også: Stor biletserie frå syngjespelet «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar»

– Kyrkjelyden ønskjer at du som forkynnar har evne til å formidle og utfordre. Du må ha evne til å kome i kontakt med folk og vere ein lyttande samtalepart og sjelesørgjar for menneske i ulike fasar av livet, skriv dei i stillingsannonsen.

Møre bispedømeråd har gjort vedtak om å stille særlege krav til at den som vert tilsett ikkje lever i sambuarskap, homofilt partnerskap eller likekjønna ekteskap.

Søknadsfristen er sett til 10. desember 2014.