Klypa-karakter Kjell «Kjellen» Bigset er i støtet igjen, denne gongen med eigen video-julekalender.

– Eg har min eigen kalender kvar dag fram til jul, og skal ta for meg heilt tilfeldige kommunar i Noreg, skriv Kjellen, spelt av Thomas Ryste, på Facebook-sida si.

Sykkylven

I første episode er det Sykkylven som får gjennomgå.

Sjå første episode i vindauget over. Som alltid når det er snakk om klypa, åtvarar vi mot grov ordbruk.

– Dei fleste born på Sunnmøre er laga i ein Stressless, det skal du ha j**** klart føre deg, seier Kjellen.

Han hevdar også at han som ung reiste med hest og slede til Sykkylven for å kjøpe B-varer på Ekornes-fabrikken.

Ikkje overraskande er Farmen, med varaordføraren i Sykkylven som ein av deltakarane, også tema i videoen.