Oppsitjarane viser til at den gamle drikkevasskjelda vart fjerna då Standal Knuseverk skulle ta ut sand og grus der vasskjelda var.

– Grunneigarane har kontrakt på at Standal knuseverk skal skaffe ei ny vasskjelde med like rikeleg og like godt vatn som vi hadde tidlegare, seier oppsitjarane i skrivet til kommunelegen, og viser til at dette også er nedfelt i reguleringsplanen.

Oppsitjarane fortel at Standal knuseverk bora etter vatn i 2013, men at det etter det har vore for lite og for dårleg vatn.

Dei peikar på at det har vorte teke prøver av drikkevatnet to gonger i år der det er påvist dårleg vatn med innhald av E. coli og koliforme bakteriar. Standal knuseverk er varsla, men oppsitjarane har ikkje registrert at noko er gjort.

– Forureina vatn og koking av vatn i lange tider. Dette er ein uhaldbar situasjon for innbyggjarane på Store-Standal. Vi ber difor om hjelp frå kommunelegen slik at vi kan få ei løysing på vassproblomea, heiter det frå oppsitjarane.