Kommunestyret i Ørsta har vedteke forslaget til avfallsgebyr slik det låg føre frå Volda og Ørsta reinhaldsverk (VØR). Det vil seie at avgiftene i 2015 held seg på same nivå som i 2014.

Faktisk har ikkje avgiftene vorte endra på fjorten år. Det er fordi avgiftene ikkje skal vere høgare enn det faktisk kostar å drive reinhaldsverket, i tillegg til at for mykje innkravd avgift skal kome abonnentane til gode.

– Siste åra er det tidlegare års overskot som har hjelpt oss med å finansiere det låge gebyrnivået, kommenterer rådmannen i saksutgreiinga til kommunestyret.

I 2017 vil sjølvkostfondet for renovasjon vere tilbakebetalt til abonnentane i form av låge avgifter, og det er difor venta at avfallsgebyret kan auke frå det tidspunktet. Årsaka er m.a. høge gjennvinningsmål og strengare krav til innhenting av fall.

På den andre sida arbeider VØR med å gjennomføre fjortendagarshenting frå 2016, noko som vil redusere kostnadene.

I 2015 er det foreslått investeringar på 6,2 millionar kroner hos VØR. Det er knytt til kjøp av bosdunkar, utskifting av renovasjonsbilar, brannsikring av anlegget, konserveringsplate for hageavfall og ferdiggjering av vedtekne byggjeprosjekt.

Samanlikna med andre kommunar og regionar er avgiftene i Ørsta og Volda på eit lågt nivå.

Standardgebyra syner at prisen i Ørsta/Volda er 1.900 kroner i avgift, medan Ålesund har 2.230 kroner og Ulstein heile 3.141 kroner.

Vedtaket i kommunestyret inneber desse avgiftene for 2015:

Småhushald 1.937,50 (inkludert moms). Då er det henting annakvar veke og 140 liters dunk for både rest og papir.

Standardhushald 2.375 kroner. Henting kvar veke og 140 l dunk.

Storhushald 4.231 kroner. Henting kvar veke og 240 liter dunk.

Slamavgifta vert på 1.462,50 kroner (slamavskiljar inntil 4,5 kbm) for heilårsbustad og 731,25 kroner (slamavskiljar inntil 4,5 kbm) for fritidsbustad.

Gebyr for tømming av tett tank inntil 6,0 kbm vert 4.037,50 kroner.