Det var Ørsta kommune som varsla politiet om at Tussa Kraft AS etter kommunen sitt syn hadde bygd ei bryggje med betongdekkje uløyves.

Det var etter at samfunnsutvalet hadde vore på Molaupen på si synfaring at saka vart varsla til politiet. Samfunnsutvalet såg då at bryggja var bygt føre løyve var gjeve, og at ho hadde fått eit betongdekkje som kommunen ikkje ynskte skulle vere der.

Politiet grunngjev at saka vert lagt vekk ut frå bevisgrunnar, men gjer kommunen merksam på at dei kan reise ei privat straffesak mot Tussa dersom dei ynskjer det.

Det var i samband med Statnett sitt arbeid med 420 kV-lina at bryggja vart bygd.