Scana Propulsion i Volda har signert fleire viktige kontraktar for levering av framdriftsutstyr til Noreg, Brasil og Sør-Korea. Kontraktane har ein samla verdi på 52 millionar kroner, melder selskapet i ei pressemelding.

Kontraktane inkludering levering av både framdriftssystem og tunnel-thrustarar. Leveringspersioden er frå andre kvartal 2015 til første kvartal 2016. Det er også opsjonar på fleire leveransar i kontraktane.

– I den relativt tøffe marknaden som rår, er vi stolte over signere kontraktar internasjonalt. Det er godt å få stadfesta at selskapet framleis er konkurransedyktige i strategisk viktige segment. Noreg, Brasil og Sør-Korea er viktiga marknader for Scana Propuklsion, og dei signerte kontraktane representerer fokusområda våre, offshore og fiskefartøy, seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Scana Volda.