I budsjettframlegget for 2015 frå rådmann Wenche Solheim var promillen for eigedomsskatt først sett til 2,3, men etter finrekningar senka til 2,1. Dette vil gje kommune 19 millionar i inntekter i 2015.

Rune Hovde hadde rekna seg fram til at kommunen vil også nå 19 millionar kroner med 2,0 i promille, og fremja forslag om dette.

Ørsta Ap ynskjer ikkje endringar i promillesatsen på eigedomsskatt frå 2014 til 2015.

– Eitt år til med 2,6 promille så kan vi vere trygge på å kome oss ut av Robek, og ta vare på eigedomane våre, sa Høydal.

Hovde presiserte at dette forslaget ville påføre innbyggjarane i Ørsta rundt 5,5 millionar kroner meir i utgifter.

Forslaget til Ørsta Ap vart nedstemt. Formannskapet gjekk inn for 2,0 promille. I tillegg vart punktet om botnfrådrag med 100 000 kroner for alle sjølvstendige bustaddelar i faste eigedomar som ikkje vert nytta i næringsverksemd stroke frå tilrådinga.