Søre Sunnmøre tingrett vil at kommunane veljer fleire meddommarar. Bakgrunnen er den store mengda straffesaker, i tillegg til auker i sivile saker som vert sett med meddommarar.

Ørsta er bedne om å velje ytterlegare 17 kvinner og 21 menn, medan Volda er bedne om å velje 13 kvinner og 13 menn. Også dei andre kommunane i tingretten sitt område må velje fleire dommarar.

Ørsta skal velje fleire menn enn kvinner fordi det i dagens utval er flest kvinner. Målet er at det skal vere like mange frå kvart kjønn.

Kven som helst kan bli valt til meddommar, om ein oppfyller visse krav.

Borgarplikt

Ein må mellom anna vere over 21 år og under 70 år for å bli valt. Ein må også har økonomien i orden og beherske norsk skriftleg og muntleg. Personar som er straffedømte kan ofte ikkje bli valde.

Å vere meddommar er ei borgarplikt. Det vil seie at du ikkje kan seie nei om du blir valt som meddommar. Du kan heller ikkje la vere å møte opp til rettssaka om du ikkje har gyldig fråvere.