I første omgang har formannskapet sagt nei til brannvarslingsanlegg på Ørsta rådhus. I førre kommunestyre påpeikte Stein Aam (Sp) at rådhuset i kommunen ikkje har røykvarslarar.

– Eg fattar ikkje at det er lovleg å ha eit rådhus utan røykvarslarar i det heile, sa Aam som og er leiar for vaktmeistertenesta i Ørsta kommune.

Forslag

Under formannskapsmøtet i Ørsta tysdag vart budsjettet for 2015 diskutert, og det vart fremja fleire forslag til prosjekt som måtte inn i budsjettet. Ola Perry Saure (Sp) fremja forslag om at 300.000 kroner måtte nyttast av ubundne midlar i budsjettet for å få på plass eit brannvarslingsanlegg.

– Med så mange tilsette som arbeider her bør dette kome på plass, sa Saure.

I røystinga fekk Saure støtte frå Jostein O. Mo og Karen Høydal (Ap), men forslaget fall med tre mot seks stemmer.

Frå ordførar Rune Hovde vart det presisert at representantane står fritt til å fremje forslaga sine på nytt i kommunestyret 11. desember. Truleg vil eit nytt forslag om brannvarslingsanlegg på Ørsta rådhus kome opp på dette møtet.