– Det blir ikkje automatisk innført hamneavgift i Ørsta etter denne dommen, seier formannskapsmedlem Hans Olav Myklebust (Frp).

Dom i Stranda-saka

Onsdag fall dommen i ankesaka mellom Stranda Hamnevesen og Hurtigruten. Striden stod om kor vidt hamnevesenet hadde rett til å krevje passasjeravgift frå hurtigruta. I dag fall dommen i ankesaka i Frostating lagmannsrett. Hurtigruten vann, og hamnevesenet må betale 1,4 millionar kroner i sakskostnader.

Ørsta har eit ståande kommunestyrevedtak om at hamneavgift skal bli innført. Tidlegare i haust opplyste administrasjonen i kommunen om at dei vil avvente ein endeleg dom i rettssaka på Stranda før avgifta blir innført.

Ifølgje Myklebust er det naudsynt med meir politisk handsaming før hamneavgifta blir innført.

– Vi har vedteke at vi skal innføre avgifta, men ikkje korleis ho skal vere. Kven skal betale avgift, og kor mykje skal dei betale? Det er spørsmål som må drøftast av kommunestyret.

Han ser for seg at saka kjem opp i formannskap og kommunestyret i eitt av dei komande møta.

– Eg meiner det også er naturleg å vurdere om vi skal inngå i det same hamnedistriktet som Ålesund, seier Myklebust. I dag er Ålesund, Sula, Giske og Haram del av Ålesundregionens havnevesen. Dei administrerer også hamnene i Hareid.

Ser behovet

I dag er Ørsta ein av få kommunar i regionen som ikkje har hamneavgift

Myklebust er i utgangspunktet skeptisk til å innføre nye avgifter, men ser behovet for oppgradering av dei kommunale kaiene.

– Det er iallfall behov for eit betre system enn i dag, og kommunestyret har vedteke at det skal bli innført hamneavgift i kommunen.

Det er ikkje berre skip som ligg ved kommunale kaier som må betale avgifta.

– Alle som er i hamn inne i Ørsta hamneområde må betale, uavhengig om dei ligg ved kommunale eller private kaier. Det vil seie at til dømes ferjene må betale hamneavgifta, seier Myklebust.

Cruiseskip som ligg oppankra vil også måtte betale avgift.

Inntektene frå ei hamneavgift vil berre kunne brukast på vedlikehald og drift av hamnene.