I oktober gjekk det ut invitasjon frå Ålesund kommune til fleire hamner på Sunnmøre om å vere gjestehamn under Tall Ships Race. Ørsta kommune fekk invitasjon, og har sagt at dei vil vere gjestehamn.

– Det ligg an til Ørsta kan verte gjestehamn. Vi har fått tilbakemeldingar, men ikkje frå alle hamnene som vi har kontakta. Vi vil samle opp alle før vi tek ei avgjerd, men slik det ser ut no ligg det an til at Ørsta vert ei av hamnene, seier prosjektleiar Albert E. Gjørtz for Tall Ships Race Ålesund.

Det er ti hamner som skal vere Cruise in Company-hamner på strekninga mellom Ålesund og Kristiansand mellom 18.–25. juli 2015. Det er opp til skutene sjølve å avgjere kor mange av desse destinasjonane som vert vitja.

I formannskapet tysdag vart det bestemt at rådmannen skal kalle inn at Ørsta næringskontor og Ørsta reiselivslag til møte, og at dei vil ta saka vidare. Det går også ut ei oppfordring til lag- og organisasjonar om å ta del i arrangementet slik at det kan verte ein folkefest i Ørsta komande sommar.