Kommunen sender no nytt oreigningsbrev til grunneigar Harry Moe.

I brevet, som handlar om sikring av grunn til samleveg på øvre Moe, finn ein både framlegg til avtale om grunnavståing og varsel om oreigning etter at Moe ikkje ønskjer å inngå frivillig avtale om avståing av grunn til samlevegen.

– Kommunen ønskjer å kome fram til ein minneleg avtale, men ber om at fristane vert respekterte av dykk, seier teknisk sjef Svein Silseth i brevet til Harry Moe.

Fristen til å kome med merknad til oreigning er sett til 18. desember 2014.

Arealet som kommunen skal oreigne utgjer 3.350 kvm.

Les også: Avviser klage frå Harry Moe

Les også: Kommunen til sak mot Harry Moe

Avgjerande

Det var i mars i år at kommunestyret i Ørsta godkjende ein detaljreguleringsplan for samleveg på Øvre Mo.

Føremålet med vedtaket og planen er å få oreigningsheimel til å sikre grunnen til samlevegen. Kommunestyret har vurdert at denne samlevegen er avgjerande for å få til tomteutbygginga på Øvre Mo.

På vegner av Harry Moe klaga advokat Bjørn Kristian Hove på vedtaket. I klagen vert det i det mest vesentlege vist til at Moe er i mot vedteken arealbruk, og meiner det aktuelle arealet er kulturlandskap av høg verdi. Advokaten viser vidare til at Moe opplever å ikkje makte leve vidare dersom eigedommen hans vert lagt under asfalt.

Kommunen sende klaga til Fylkesmannen som avviste klagen frå Moe.

Fylkesmannen har i sine merknader bite seg merke i at det gjeld ei om lag to hundre meter lang vegstrekning, og at vegen skal sikre tilfredsstillande tilkomst til eksisterande bustadfelt og eventuelt framtidige byggjesteg.