Steinnes har forska på den profesjonelle utviklinga til førskulelærarar. Ho ville finne ut og skape forståing for kva rolle kunnskapsgrunnlaget til førskulelærarar har for korleis dei utfører jobben sin. Arbeidet til Steinnes er den første doktorgraden i profesjonsstudiar i Noreg som omhandlar barnehagefeltet.

Avhandlinga konkluderer med at det er liten skilnad i kva slags oppgåver førskulelærarar og assistentar har i barnehagen, og at dette kan påverke statusen til yrket. Arbeidsoppgåvene i barnehagane liknar i stor grad på oppgåvene i heimen.

– Skiljet mellom det private og det profesjonelle kan difor vere uklart, seier Steinnes til nettstaden til Høgskolen i Oslo og Akershus.

Ho meiner det er viktig for førskulelærarar å synleggjere og skape forståing for kunnskapen dei har.

Steinnes jobbar som høgskulelektor ved institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda, men disputerte for ph.d.-graden ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Dette er den andre disputasen ved Høgskulen i Volda denne månaden.