– Situasjonen er alvorleg etter det som kom fram i budsjettforliket, reflekterer Øye.

Som ein del av budsjettforliket har Høgre, Frp, KrF og Venstre skrive under på ei rekkje såkalla verbalforslag. Dette er ikkje forslag som handlar om kroner og øre, men ny politikk som regjeringa vil setje ut i livet. Og det er her dei fire partia skriv at «Stortinget ber regjeringa vurdere forbod mot norsk pelsdyroppdrett i arbeidet med oppfølginga av pelsdyrforliket».

Det er såleis eit stort fleirtal på Stortinget for avvikling av den omstridde pelsdyrnæringa. Frå før er det klart at Ap, Sv og Miljøpartiet dei grøne ønskjer å avvikle næringa. Venstre ønskjer det same. Og no har altså også KrF, Høgre og Frp skrive under på at dei ber regjeringa vurdere å leggje ned næringa.

Svein Arne Øye er svært skuffa over at dei borgarlege har skifta kurs. Han er også overraska over at utspelet kom no.

Merkeleg

– Tidspunktet for regjeringa sitt utspel er merkeleg fordi den førre regjeringa sette ned eit utval som skulle sjå på pelsdyrnæringa. Og dei skal kome med si innstilling i desember, fortel Øye.

Sonen Jetmund Øye har teke over drifta av mink- og revefarmen til Svein Arne Øye. Dei har satsa, og bygt moderne anlegg i ei tid då kritikken mot pelsdyrnæringa er stor frå fleire hald, der meininga er at pelsdyra ikkje har det godt på farmane. Dette tilbakeviser Svein Arne Øye.

– Alt tyder på at vi har veldig god dyrevelferd på farmane. Anlegg og utstyr vert stadig betre, og vi har veterinærbesøk med kontrollar fire-fem gonger i året, fortel Øye.

Storfamilien driv også med produksjon av mjølk og kjøt, men det er pelsdyr som er er hovudinntektskjelda. I alt seks personar lever av pelsdyr i Norangdal.

– Viss pelsdyrnæringa vert avvikla er livsgrunnlaget vårt vekke. For vi har ikkje noko anna skikkeleg næringsinntekt, seier Øye.

Han er spent på kva som står i papira til det nedsette utvalet som snart legg fram synet sitt.