I dag har destinasjonen sterk fokus på Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane med mellom anna opplevingsprosjektet Hjørundfjorden rundt, der det vert hevda at den vekelange toppturen matchar Alpanes berømte Haute Route mellom Chamonix og Zermatt.

Potensial

Reiselivssjef Geir Vik synest Ørsta sentrumsområde har eit stort potensial innan reiselivsutvikling. Og no vert det i samarbeid med lokale aktørar, mellom anna reiselivslaget og fleire medlemsbedrifter, satsa på utvikling.

– Vi kan tenke oss å jobbe meir med Ørsta tettstad som utgangspunkt for opplevingar. Ørsta sentrumsområde gjev mulegheiter som ikkje er godt nok utnytta, miner Vik.

– Kva tenkjer du på?

– Det handlar om mange ting. Sentrum i seg sjølv er bra med basisfunksjonar, og hotell Ivar Aasen er kjempebra på alle måtar. Men Ørsta sentrum har også lett tilgang til transport som buss og fly. Sentrum ligg også slik til at det kan brukast som base for å reise utifrå, anten til naturopplevingar lokalt eller til Hjørundfjorden, vurderer reiselivssjefen.

Han understrekar at DÅS ønskjer å ha tett utviklingssamarbeid med medlemsbedriftene.

– Saman ser vi føre oss å utvikle produkt og marknadsføringspakkar som er synlege, seier Vik.

Målet er å gjere Ørsta sentrumsområde meir tydeleg som ferie- og fritidsdestinasjon, der naturopplevingar skal ha spesielt sterk fokus.

Geir Vik meiner det er naturleg å kople sentrum og Hjørundfjorden.

– Det er jo ingen ting i vegen for at folk kan bruke sentrum som utgangspunkt for Hjørundfjorden rundt. Turistane kan bu i sentrum og ta etappane som går på vestsida av Hjørundfjorden. Avstandane i området er små, og vi må bli flinkare til å sjå ting i samanheng, og å gjere synleg det vi har nært oss, meiner Vik.

Heilår

Reiselivssjefen kan også melde at det no vert satsa sterkt på at prosjektet Hjørundfjorden rundt også skal verte noko for alle årstider. Det er sett ned ei arbeidsgruppe for å utvikle dette.

– Målet er at dette skal verte rundtur nummer ein sommar og vinter med utgangspunkt i basisrutene rundt Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane, seier reiselivssjef Geir Vik i DÅS.