Gardbrukar Maria Nikkinen Rørstad på Bjørke er sjokkert over at landbruksnemnda i Ørsta har sagt ja til fjerning av bu- og driveplikta på norske gardsbruk. Det er regjeringa som har ute ei høyring no med svarfrist i januar.

Vege tungt

– Noreg er eit stort land, men Ørsta er ein stor landbrukskommune. Seier vi ja er eg redd for at vår meining vil vege tungt når regjeringa skal ta stilling til dette.

No håper ho at formannskapet vil tenke annleis om saka. Dei skal drøfte høyringa i dag.

– Eg fryktar at gardsbruka vert selde til høgstbydande som berre vil ha garden som ein fritidsbustad, med dei eksklusive rettar det inneber når det gjeld jakt og fiske og fallrettar og kanskje eit sel på fjellet. Og dei er villege til å betale for det, mens skatteinntektene vil gå til andre kommunar om det ikkje er fastbuande som kjøper.

Handheve

Og dei som ønskjer å drive gard vil då kome til kort fordi dei ikkje har råd til å kjøpe seg eit gardsbruk, trur Rørstad. Ho meiner at løysinga må vere at kommunane handhevar bu- og driveplikta på ein strengare måte enn det som vert gjort i dag, framfor å fjerne plikta heilt.

– Det er mange unge der ute som er på utkik etter eit småbruk, men det er ingen gardar til sals. Mange står tome fordi eigarane får stadige utsetjingar på buplikta. Mange av dei bur også i andre kommunar. Men jorda vert jo driven og marka vert slått. Kva skjer med det dersom bu- og driveplikta går ut? Går vi vekk frå plikta trur eg bygdene og dei ressursane landbruk og anna næring gir til desse stadene, går tapt for lang tid.

Mannen til Rørstad kjem frå Sørlandet. Der hadde dei også problem med at mange gardsbruk stod tome.

– Der gjekk kommunen inn for å verkeleg handheve bu- og driveplikta. Om folk ikkje budde på gardane sine sjølve, ja då måtte dei selje. Og om dei ikkje ville selje, så enda det med tvangssal. Det har dei fått utteljing for gjennom mange nyetablerte og unge gardbrukarar.

Rørstad registrerer at leiar i landbruksnemnda, Jostein Bjørdal, vart overraska over at han fekk med seg fleirtalet om å godta høyringsforslaget frå regjeringa, utan merknader.

– Det er skremmande å sjå kor raskt Ørsta kan vere for eller i mot dette. Om dei vart overraska i landbruksnemnda fryktar eg at vi også kan verte overraska over formannskapet. Eg vert både uroleg og stressa.

Ho viser til at generalforsamlinga i FN har utpeika 2014 til det internasjonale året for Familiejordbruk, og at verdssamfunnet dermed har erkjent at familiejordbruk spelar ei avgjerande rolle for global mattryggleik.

Sjølv hadde ho odel på garden, og ho flytta heim for 3,5 år sidan.

– Vi har flytta og satsa. Vi vil bu her, og vi vil ha naboar. Fritidsbustader bidreg ikkje til eit rikare sosialt nærmiljø og i lita grad til verdiskaping. Vi er fleire unge par med småbarn som har etablert oss på Bjørke siste åra. Mykje tyder på at fråflyttingstrenden er snudd på bygdene, til trass for bu- og driveplikta.

Rørstad seier at dette ikkje berre er ei helsing frå Bjørke, men at alle bygdene i Ørsta må vakne.

– Det er kort høyringsfrist, og det er rett inn i jula. Vi kan ikkje la dette gå forbi i det stille. Om Ørsta seier ja til oppheving av bu- og driveplikta er det heilt vilt. Politikarane må ikkje sjå vekk frå fagfolket sine råd.