– Vegstrekninga har i dag problem for store køyretøy når dei møtest på grunn av smal veg, til dels svært dårleg sikt gjennom kurvene, for dårleg trafikktryggleik for gåande og syklande, dårleg samsvar mellom horisontal og vertikal føring av veglina, fleire bratte avkøyrsler og skredfarlege parti, skriv Statens vegvesen i framlegget til ny reguleringsplan for strekninga.

Til formannskapsmøtet i Ørsta tysdag rår rådmannen formannskapet til å eigengodkjenne planen etter den siste høyringsrunden.

Denne planen er del av Statens vegvesen sine planar for å betre framkomsten på dei største «flaskehalsane» på E39.

Vegen har i dag ei breidde på mellom seks og seks og ein halv meter og smale grøfter. Det er dårleg bereevne på skulderkantane og det er ikkje gang- og sykkelveg på strekninga.

Stamvegstandard

Statens vegvesen legg opp til å utvide vegen slik at den følgjer krava til stamvegar. Vegbreidda blir 7,5 meter og dimensjonere han for ei fartsgrense på 80 kilometer i timen.

Det blir også bygt gang- og sykkelveg på strekninga. I tillegg er det planlagt leievoll for snøskred og steinsprang nedom Liadalsnipa, ved Ytste og Inste Rinden. Vegen får 12 avkøyringar og to kryss (ved hytteområdet Flesjen og til Halsevegen).

I utgangspunktet skulle planen inkludere ei strekning på 2,25 kilometer. Men dei nordlegaste 450 metera, nærast Liadal er tekne ut.

– Årsaka er at ingen av dei vurderte alternativa på denne delstrekninga er optimale og at det i overskodeleg framtid sannsynlegvis ikkje blir løyvd nok pengar til å realisere denne delen av planen, heiter det i planen.

Merknader

Det er kome ei rekkje merknader til planane. Fylkeskommunen reiste motsegn av omsyn til freda kulturminne i området. Denne motsegna er no trekt, og det er gitt løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne.

Det er også kome merknader frå grunneigarar. Vegvesenet konkluderer med at ei justering av veglina som tek vare på merknadene til desse gi store kostnader, for dårleg linjeføring og/eller inngrep i automatisk freda kulturminne som er vurdert som sjeldne på Sunnmøre.

Rådmannen Ørsta er skeptisk til å ta ut dei nordlegaste 450 metera frå planen, men rår  formannskapet til å prioritere å få ein vedteken plan for strekninga som ligg føre.