Seint laurdag kveld vart ein 20 år gammal bilførar teken på fersken av politipatruljen då han sladda i ei rundkøyring og ein sving i Ørsta.

Føraren blir meld for råkøyringa, opplyser operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt.

Elles melder politiet om 13 meldingar om bråk på Sunnmøre natt til søndag. Det vart berre utdelt muntlege reaksjonar frå politiet si side. I tillegg vart eit par rusa personar tekne hand om i Ålesund.

På Hareid har nokon krasja i ein parkert Toyota Yaris i Kvennavegen mellom klokka 18 og 21 laurdag kveld. Det er merker etter blå lakk på bilen. Politiet etterlyser vitner.

Illustrasjonsfoto