– Hjelp, var den aller første kommentaren frå barneskuleeleven. Då han møtte orkesteret endra tonen seg og han syntest det var kult å vere sjefen, seier programleiar Ingrid Gjessing Linhave til NRK.

Laurdag kveld har første program i storsatsinga «Da KORK kom til Bygda» premiere på NRK. I første program tek Kringkastingsorkesteret (KORK) turen til Ørsta og Ulstein (sjølve konserten er i Hareidhallen).

Tre lokale musikktalent er med på programmet: Eirik Stave (multitalent i klassisk musikk) frå Ørsta, Chris Masters (hip hop-artist) frå Flø og Bror Magnus Tødenes (tenor) frå Ulsteinvik.

Åtte år gamle Eirik trudde han skulle spele piano saman med KORK, men slik var det ikkje. I programmet får han beskjed om at han skal dirigere orkesteret.

Sjå ein smakebit frå programmet hos NRK

Programmet er det i to. Sjølve programmet går klokka 19.55, medan konserten i sin heilskap blir sendt klokka 23.15.

Deltakarar og programleiar for programmet. Frå venstre: Chris Masters, Ingrid Gjessing Linhave, Eirik Stave og Bror Magnus Tødenes Foto: Marius Beck Dahle/NRK