I framlegget til budsjett som styret hadde til handsaming i møte fredag, skisserer administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, ulike investeringsbehov dei står overfor. Parkering ved sjukehuset i Volda er eitt av dei.

– Pasientar kjem svært ofte for seint til avtalt time fordi dei ikkje finn parkering. Det fører til redusert inntekt for dei aktuelle avdelingane/klinikkane. Mangelen på parkeringsplassar er kritisk for pasientbehandlinga, skriv ho.

Det er utarbeidd kostnadsoverslag for fleire ulike alternative løysingar i Volda. Kostnadene varierer mellom nokre hundretusenar opp til fleire millionar kroner. Sistnemnde sum er knytt til eige parkeringshus.

– Basert på kostnadsoverslag vil eit parkeringshus i Volda koste 15–20 millionar kroner. Investeringskostnadene kan finansierast gjennom betaling frå dei tilsette med tildelt parkeringsplass, slik ordninga er for parkering i Ålesund.

Endeleg budsjett for 2015 vert lagt fram for styret i januar.