Ørsta og Volda vakna opp til flott haustvêr og temperaturar rundt nullpunktet laurdag.

Dessverre for mange kjem ikkje vêret til å vare heile helga.

Del godvêrsbilda dine med #mørenytt på Instagram.

Søndag legg eit lågtrykk seg over Sør-Noreg. På føremiddagen kjem nedbøren, og vinden aukar til søraust liten kuling på utsette stader. Det kjem mest nedbør sør for Stad og austafjells, men Sunnmøre får også smake på lågtrykket.

Temperaturane skal halde seg låge først på dag, og det vil seie at snøgrensa blir låg, ned mot 200 meter ifølgje Vêrvarslinga på Vestlandet. På kalde stader kan ho krype endå lågare.

Utover dagen er det venta at både temperaturen og snøgrensa stig. Snøgrensa er venta å leggje seg over 500 meter.

I starten av neste veke er det varsla nedbør og låge temperaturar. Vêrvarslinga varslar snø i indre og høgare strok av Møre og Romsdal. Tysdag er det venta lettare vêr og stigande temperaturar.

Eit lågtrykk er venta innover Sør-Noreg søndag. Snøgrensa er flytta lågare ned etter at dette kartet vart publisert. Foto: Meteorologisk Institutt