Det seier nestleiar Unn Frøland (Sp) i landbruksnemnda. Ho er sjokkert og arg etter at landbruksnemnda sitt fleirtal rår til at Ørsta skal akseptere forslaget om å fjerne konsesjonslova og buplikta i landbruket.

Fleirtalet samansett av leiar Jostein Bjørdal (Frp), Signe Krøvel (Ap) og Per Ole Røed (V) røysta nemleg for eit framlegg frå Bjørdal om å godta høyringsforslaget utan merknader. Det vil seie at dei rår til at Ørsta godtek oppheving av m.a. buplikta i landbruket.

Unn Frøland og Signe Aklestad (KrF) røysta for eit forslag som var ganske likt forslaget frå administrasjonen

I deira forslag vart det peika på at konsesjonslova er naudsynt, og det vert sterkt rådd ifrå å fjerne denne og buplikta.

Administrasjonen sitt forslag til vedtak hadde ikkje spesifikt med buplikta i formuleringa.

– Rikfolk

– Eg synest dette er oppsiktsvekkjande for landbrukskommunen Ørsta. For konsekvensane av forslaget frå Landbruksdepartementet vil vere alvorlege. Eg fryktar landbrukseigedommar vert oppkjøpsobjekt for rikfolk – også frå utlandet, seier Frøland.

Dermed trur ho at Ørsta og andre landbrukskommunar risikerer at fleire gardstun vert fritidsbustader, og at ei omlegging av konsesjonslova vil tømme bygdene for folk.

Landbrukssjefen negativ

Frøland støttar seg også til landbrukssjef Liv Bente Viddal si saksutgreiing. Landbrukssjefen åtvarar mot at Ørsta skal seie ja til endringane.

– Det er vanskeleg å setje opp og talfeste kva konsekvensar fjerning av konsesjonslova vil ha for Ørsta kommune, men det kan nemnast at kommunen har totalt 946 store og små landbrukseigedomar, av desse har 739 eigedomar minst 5 da jordbruksareal. Tilsvarande tal for Volda kommune er 628 og 507.

– Som ein konsekvens vil også buplikta på større landbrukseigedomar falle vekk. No er det ved overdraging innafor nær familie, buplikt på eigedomar med minst 25 da fulldyrka pluss overflatedyrka eller minst 500 da produktiv skog (arealgrensa vart heva i 2009), og sjølv om kommunen har nokre søknader om fritak/utsetjing av buplikta kvart år, har ein inntrykk av at eigedommane stort sett vert overdrege til den/dei i familien som ynskjer å busetje seg der. Dette kan fort endre seg viss buplikta fell vekk, skriv Viddal i saksutgreiinga.

Ingen kinesarar

Leiaren i landbruksnemnda, Jostein Bjørdal, deler ikkje Frøland og landbrukssjefen si otte.

– Det vil verte enklare å selje gardar, og eg har inga tru på at desse vil verte selde til kinesarar eller andre utlendingar. Tvert i mot trur eg folk som har interesse av å drive jordbruk, og som no har hatt det vanskeleg med å kome inn i marknaden, får det enklare. I dag hindrar lovgjevinga i praksis bønder frå å selje gardane sine fordi prisen vert for låg. Med å fjerne spesielt buplikta, vil prisen auke, og fleire attaktive gardar kjem på marknaden, seier Bjørdal.

Overraska

Han vedgår at han vart overraska over at han fekk med seg fleirtalet på å akseptere forslaget frå regjeringa.

– Eg har inga meining om det også for fleirtal i formannskapet og vidare, seier Bjørdal.

Saka skal handsamast i formannskapet i Ørsta komande tysdag.

Høyringsfristen landbruksdepartementet har sett på lovendringa er 15. januar.