– Trafikktryggleiken er ikkje tilfredsstillande i området. Industrivegen (mot Rystelandet) er altfor bratt opp mot E39, som gjer det vanskeleg for særleg store køyretøy å kome seg ut på E39. I tillegg manglar det venstresvingfelt for dei som køyrer i retning mot Ørsta på E39, og skal svinge ned mot Rystelandet, skriv Statens vegvesen i forslaget sitt til oppgradering av E39 mellom Osborg og Ose.

Planarbeidet går no mot slutten, og til formannskapsmøtet i Ørsta komande tysdag tilrår rådmannen at kommunen eigengodkjenner planen.

Som flyplasskrysset

I den endelege planen blir krysset mot Industrivegen flytta om lag 40 meter mot Ørsta. Krysset blir også modernisert slik at trafikken som kjem mot Ørsta og skal svinge mot venstre, får eit eige avkøyringsfelt (på same måte som i flyplasskrysset). Busstoppet ved Osborgvegen blir fjerna av omsyn til trafikktryggleiken.

I tillegg er det lagt inn gangveg og nye gatelys på nedsida av vegen frå krysset og mot sentrum. Dette er det førebels ikkje sett av pengar til, så det er usikkert når det blir realisert.

Mange har engasjert seg i høyringsrundane. Både fylkeskommunen og fylkesmannen har hatt motsegner mot planane, men desse er trekte. Det er gjeve løyve til både inngrep i kulturminne og inngrep i jordbruksareal. Fleire grunneigarar har også hatt innvendingar.

Statens vegvesen har vurdert om det er mogleg å gjere området sikrare for mjuke trafikantar ved å bygge ein undergang under E39. Terrenget i området er for flatt til at dette er gunstig. Vegvesenet vil i staden sjå greie ut ein mogleg ved busstoppet ved Rysteflata litt lenger oppe.

Ønskte rundkøyring

Lensmannen i Ørsta og Volda ønskte ei rundkøyring saman med krysset mot Rystefeltet. Vegvesenet svarer at det er for liten plass og for bratt i området, og at ei rundkøyring difor ikkje er ei god løysing.

I tilrådinga si skriv rådmann Wenche Solheim at det er svært positivt at vegvesenet har prioritert dette planarbeidet, og at planen inneheld mange ting som vil betre trafikktryggleiken.