Ein glad rektor ved Møre folkehøgskule, May Kristin Bolli (biletet) pustar letta ut. Dei opphavlege kuttforslaga på både tilskotet til folkehøgskulane og kutt i studiestønaden er fjerna i det ferdigforhandla statsbudsjettet.

– Med andre ord, det vart fullt gjennomslag for folkehøgskulane. Mange gode krefter og eit stort engasjement og innsats har dermed ført fram, seier Bolli.

Ho sit i ei referansegruppe for norske folkehøgskular, og har aktivt spelt sine synspunkt inn mot styresmaktene.

I framlegget til statsbudsjett låg det inne eit kutt på 35 millionar til folkehøgskulane, og kutt i studiestønaden. Dette frykta Bolli ville føre til at folkehøgskulane vart til «rikmannsskular», fordi elevar med dårleg råd ikkje ville kunne velje eit år på folkehøgskule.

– Tragisk og umoralsk, kalla Bolli det den gongen.

No er ho svært glad for at regjeringa har snudd, og ho håper at dei har forstått bodskapen ho har forsøkt å servere dei.

– Kunnskap og kompetanse handlar om meir enn det som kan målast i studiepoeng. Folkehøgskulane bidreg med sterk sosial kompetanse, ein kompetanse som førebur studentane til samfunnsansvar.