– Budsjettforliket inneber 2,2 millionar kroner til Nynorsk avissenter i Førde. Saman med endringane i pressestøtta, innkjøpsordningane for barnelitteratur og NRK-lisensen er dette ein viktig pluss for nynorskbrukarane. Vi takkar sentrumspartia for at dei dreiv fram desse sakene og regjeringspartia for at dei sa ja, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Han er likevel ikkje heilt nøgd enno, og håper kulturkomiteen på Stortinget arbeider for fleire endringar.

– Komiteen har pengar å handle for. Vi vil særleg arbeide for at det årlege tilskotet til Landssamanslutninga av nynorskkommunar kjem inn att, og vonar komiteen vil vere med og løfte Det Norske Teatret, seier Ottar Grepstad.

Endringane i budsjettforliket er for små til at dei slår ut på nynorskindeksen for statsbudsjettet. Nynorskindeksen viser at den samla satsinga på nynorsktiltak utgjer ein mindre prosentdel av kulturbudsjettet enn nokon gong før på 2000-talet, opplyser Nynorsk kultursentrum.