– Det er ei utruleg god nyheit om dette faktisk stemmer og vert vedteke, og vi må kalle det ei julegåve på forskot, seier leiar Johann Roppen i Volda idrettslag til Møre-Nytt på telefon frå Bulgaria.

Regjeringa kunngjorde fredag at dei legg 48,9 millionar kroner ekstra på bordet for å sikre full momskompensasjon for norske idrettsanlegg, mellom anna Mørehallen i Volda, bygd av VTI-Fotball.

Låg an til avkorta moms

– Dette er strålande nyheiter for VTI-Fotball og Mørehallen. Det som såg ut til å verte ei ekstrarekning på 900.000 kroner er no historie, seier Volda-ordførar Arild Iversen til Møre-Nytt.

I 2014 låg det an til at Mørehallen og dei andre anlegga fekk avkorta tilbakebetalinga av moms med 43 prosent. For Mørehallen sin del utgjorde det 900.000 kroner.

– Det er mykje pengar for eit idrettslag. Med den dugnadsånda som er vist frå idretten si side for å få til dette anlegget, synest eg verkeleg dei fortener å sleppe denne rekninga, seier Iversen.

Idrettsforbund opptekne med OL

Roppen seier han er både letta og utmatta etter å ha fått nyheita.

– Ei stund følte vi at det var håplaust og idrettsforbundet var opptekne med OL. Det vart stilt spørsmål i Stortinget, men svaret var at ramma låg fast. Det er flott å sjå at det går an å forandre meining. Dei som arbeider med idrettsanlegg kan puste litt mindre tungt.

Roppen og Iversen besøkte leiar Hans Olav Syversen (KrF) i finanskomiteen på Stortinget tidlegare i haust.

– Har arbeidet i kulissene vore med på å få dette til?

Vi sette fram krav om full kompensasjon under vårt besøk. Men det er mange som har arbeidd for dette, både i idretten og blant politikarar, seier Iversen.

– Arild Iversen har vore ein nøkkelspelar med det initiativet han har teke opp mot Hans Olav Syvertsen. Å få ein så sentral politikar på bana var viktig slik situasjonen var. Regjeringa har no sett galskapen i saka og retta den opp. Eg har vore litt redd for at saka skulle verte gløymt no når det har vore forhandlingar, seier Roppen.

Håper på permanent løysing

Dagens nyheit frå Regjeringa hjelper berre dei som søkte om kompensasjon i år. Iversen håper det kjem på plass ei ordning som sikrar full kompensasjon i framtida.

– I næringslivet og det offentlege driv ikkje staten med slike avkortinga. Der er det eit regelverk som sikrar at heile momsbeløpet blir tilbakebetalt. Eit tilsvarande opplegg bør kome på plass for frivillig sektor. Om idrettslag og andre kan vere sikre på at dei får tilbake heile momsbeløpet, er det tryggare og meir føreseieleg for dei å gå i gang med å bygge anlegg.

I statsbudsjettet for 2015 er det sett av 72,6 millionar kroner til momskompensasjonsordninga. Dette er for lite om talet på søknader er det same som i år. Kulturminister Thorhild Widvey seier til NTB at ho vil kome tilbake til 2015-budsjettet.

– Men eg håper vi no ser konturane av ei løysing også der, seier ho.

Mørehallen i Volda får full momskompensasjon. Foto: Arkiv