I løpet av årets seks fyrste månader handla kvar nordmann for 36.369 kroner i butikkar og øvrig detaljhandel. Inkludert i desse tala er dessutan innanlandsk netthandel. Men ikkje sal av motorkøyrety eller varer på bensinstasjonar.

Samanlikna med fyrste halvår i fjor, vart det omsett 2,9 prosent meir per innbyggjar i Noreg inneverande år. Alle summane i denne artikkelen er utan moms.

Tal per innbyggjar

I Ørsta handla kvar innbyggjar for 35.835 kroner i eigen kommune. Samanlikna med tilsvarande periode i fjor, var dette ein auke på heile 5,9 prosent - som utgjer 1.997 kroner per innbyggjar. Tala blei nyleg publiserte av Statistisk sentralbyrå (SSB).

Leiar for analyse og bransjeutvikling i Virke, Johanne Kjuus, seier at konkurransen i norsk varehandel blir stadig tøffare, som følgje av blant anna økt bransjegliding og auka konkurranse frå netthandelen.

-Det var eit godt andre halvår i fjor, men auken har flata ut, seier ho.

I Volda kommune blei det handla for 38.722 kroner per innbyggjar, som er ein vekst på 2,2 prosent, eller 836 kroner per innbyggjar.

Meir pengar på tenester

For aller fyrste gong i norsk historie brukte nordmenn i fjor meir pengar på tenester enn på varer.  Tenesteforbruket auka tre gonger så mykje som varekonsumet. Og utanlandskonsumet auka fem gonger så raskt.

- Utanlandskonsumet er ikkje berre pengar vi legg igjen på ferie i utlandet eller ved tradisjonell grensehandel, men også utanlandsk netthandel. Nordmenn nærmar seg eit årleg forbruk på 100 milliardar kroner på utanlandshandel, fortel Kjuus.

- Samtidig trur vi på ein moderat vekst for handelen i 2014, med ein prognose på fire prosent for inneverande år og 4,5 prosent for neste år, fortel ho.

Skodje

Ein titt på fylkesoversikta viser at det var Skodje kommune som kunne vise til størst prosentvis vekst i fjor, med ein auke på heile 25 prosent. Det er faktisk mest i heile Noreg.  Dei hadde og størst reell vekst i fyrste halvår, med 3.046 kroner meir per bebuar.

Størst reell vekst i Noreg hadde Lyngdal i Aust-Agder, med ein oppgang på 8.503 kroner per snute.

Dei halvårlege oppdateringane frå SSB handlar altså om å dele omsetninga i kommunen sine butikkar på mengda innbyggjarar. Oversikta viser at mange kommunar slit med handelslekkasje, mens andre kommunar tener godt på å vere eit sentrum for opplevingar og handel.  Kommunar med mange hytter eller turistmål vil alltid figurere høgt oppe på tabellen, og det same vil kommunar som huser større trafikknutepunkt (som større flyplassar).  Kommunar med større internettbutikkar kjem stadig høgare på tabellane, mens kommunar i nærleiken av svenskegrensa ofte opplever lekkasje ut av landet.

Handelsrangering

Volda kommune er rangert som Noregs 80. største handlekommune, målt etter dei nemnde kriteria. Her kjem Ørsta på 109. plass.

I Møre og Romsdal er det Ålesund kommune som toppar oversikta, med 52.933 kroner per innbyggjar. Molde kommune er på andreplass med 49.907 kroner per snute. På botnen finn vi Sande kommune, kor det berre blei handla for 11.868 kroner per innbyggjar.