I fjor vår vart det gjennomført kontroll av leikeapparat ved skular og barnehagar i Ørsta kommune. For Vartdal skule var konklusjonen klar og ingen av apparata stetta krava, og dei vart fjerna raskt. Skulen stod att utan leikeapparat, og elevane hadde ikkje eit aktivitetstilbod i friminutta. Sidan kommunen ikkje hadde økonomi til hjelpe skulen vart det bestemt å prøve å samle inn nok pengar til eit fullverdig og forskriftsmessig leikeområde.

370.000 kroner

Gjennom ein konsulent frå Lekolar vart det teikna ei skisse ut frå ynskja til skulen, og etter mykje fram og tilbake, jobbing med tilbod frå ulike leverandørar, fall valet ned på eit prosjekt med ein prislapp på 370.000 kroner.

Skulen hadde litt pengar, men det var berre ein brøkdel av det dei trengde. For å skaffe restbeløpet vart det først arrangert ein auksjon av gamle kart og anna skulemateriell. Det lokale næringslivet vart kontakta, og responsen var svært god. Saman med Vartdal TIL og bygdeutvala på Vartdalsstranda vart det sendt søknad til Marine Harvest-fondet som delar ut gåver til frivillige og lag og organisasjonar i dei kommunane dei har aktivitet. Svaret på søknaden var 50.000 kroner til leikeområdet.

For å få dei siste kronene på plass vart det gjennomført kronerulling gjennom Facebook. Både foreldre, tanter, onklar og besteforeldre støtta opp om prosjektet, og dei siste kronene kom på plass.

– Det som vi trudde ville verte ein lang og tung finansieringsrunde gjekk unna, og vart ein sann glede å administrere, seier inspektør Sjur Aarestrup.

– Lettare å bevege seg

Monteringa av leikeapparata har delvis gått føre seg på dugnad og vaktmeister Sveinung Sætre har leia arbeidet. Då Møre-Nytt vitja Vartdal skule tysdag føremiddag var gleda stor for å ha fått nytt leikeområde.

– Det er kjekt, og det er mykje betre enn det som var. Vi har meir å gjere, og det er lettare å bevege seg, seier Karsten Aarset og William Gravdal som nyttar leikeområdet nesten i kvart einaste friminutt.

Onsdag kveld var det offisiell opning av leikeområdet. Vartdalsstranda generasjonskorps spelte, elevane dansa og Benjamin Tingvoll Vartdal og Camilla Myren Barstad og fekk æra ved å klippe snora og offisielt opne det nye leikeområdet.