– I lokalet som eg har vore i har det aldri vore heilt privat. Med det nye lokalet får eg eige arbeidsrom, butikken for seg sjølv og eige studio som og vert brukt som galleri når det ikkje er fotografering, seier Carl-Åge Henriksen.

– Vert ein heilt annan kvardag for meg

Etter ein hektisk periode er fotografen klar til å flytte over gangen til sine nye butikklokale. Den store opninga av butikkane skjer komande torsdag, men Henriksen opnar opp sitt lokale allereie laurdag.

– No vil eg satse enno meir på innramming og framkalling, og eg lagar alt sjølv. Sjølve byggeprosessen har gått veldig raskt, og det vert verkeleg ein annan kvardag når eg no får alt i eitt. Det gir meg både fleire og større mulegheiter. Med galleriet og studioet er folk hjarteleg velkomne innom for å sjå.

– Måtte gripe sjansen

Sissel Design utvidar sine lokale på Ørsta torg, og klesavdelinga vert større.

– Kleda skal inn i det nye lokalet som heng saman med det gamle. Då får vi større plass til interiør, og det vert romsleg og flott. Det skal og kome på plass ei sitjegruppe slik at kundane kan sette seg ned og ta seg ein kaffikopp, og vi får fleire prøverom og lager. Eg har allereie flytta to butikkar tidlegare i år, og hadde ikkje tenkt å gjere det meir no. Då tilbodet om utviding kom var det berre å gripe sjansen, og du må berre henge med, seier Sissel Andenes.

Butikkeigarane har eit godt samarbeidet og har von om skape meir aktivitet på Ørsta torg.

– Eg og Carl-Åge har eit godt samarbeid og difor kan vi gjere det i lag. Vi ynskjer å gjere alt for å skape aktivitet på Ørsta torg.

– Ørsta torg er også sunt for gågata sidan det ligg så sentralt til. Det er mykje positivt som skjer her. At banken kjem inn på Ørsta torg er positivt både for oss og gågata, seier Henriksen.

– På den måten kan vi også skape aktivitet for andre i same området, legg Andenes til.

Om alt går etter planen opnar begge butikkane offisielt komande torsdag.

– Det vert store overraskingar for dei som legg turen innom, og både gamle og nye kundar er hjarteleg velkomne for å markere flyttinga.