- Eg fattar ikkje at det er lovleg åha eit rådhus utan røykvarslarar i det heile.

Stein Aam (Sp)tok bladet frå munnen i kommunestyremøtet torsdag. I tillegg til åvere kommunestyrerepresentant er han også leiar forvaktmeistertenesta i Ørsta kommune.

- Difor vil eg kan hende havanskar med balansen her, men eg må seie i frå, og det er at avalle kommunen sine eigedommar, er rådhuset det vi slit mest med åhalde ved like. Vi manglar mellom pengar til branndokumentasjon, saAam.

Ingen røykvarslarar

Overfor Møre-Nytt presiserte Aam: - Det er ikkje ein einasterøykvarslar på rådhuset, verken i den gamle eller den nyastebygningen. Det var i samband med eit referat frå kontrollutvalet atAam tok ordet.

I debatten starta nemleg Hans-Olav Myklebust (Frp)med å peike på det kontrollutvalet seier om vedlikehaldet i Ørsta.Det har eit stort etterslep.

- Vi har ein stor eigedomsmasse. Vihar starta noko sal, men framleis er det mange bygningar kommunenikkje brukar til sin tenesteproduksjon som står til forfall. Detgjeld særleg utleigehus. Vi må selje dette unna, sa Myklebust.

Aampåpeikte at det er nyttig at kommunestyret vert klar over stoda ieigedomsseksjonen.

Rådhuset og legesenteret

- På den eine sida har vi ein del fantastiskeflotte bygningar med skular og sjukeheimar. Men eg trur det er fåsom veit korleis det står til med rådhuset. Det er eitvedlikehaldsetterslep på 7,7 millionar kroner. Dei to dårlegastekommunale bygningane vi har med å gjere, er rådhuset oglegesenteret, sa Aam.

Rådmann Wenche Solheim var ikkje usamd meddet Aam påpeikte.

- Men vi må prioritere dei gamle og dei unge føross, sa rådmannen.